mandag 28. februar 2011

Siste vinterdag, marihøne.

Vårteikn

Dette er ei marihøne. Eg fann den siste vinterdag den 28. februar 2011.

Eg holdt på å ta vekk det lille juletreet vårt ute då eg såg ei marihøne i det. Det var ei sjuprikka marihøne. Eg trudde det var ein knust del av julepynten først, men så såg eg at det var ei marihøne.

torsdag 19. august 2010

Edderkopp og fluge





Dette er ein edderkopp som held på å pakke inn ei fluge. Vi åt mat og så plutseleg fann Ingebjørg den ute. Det var i Briksdalen på restaurant ved sidan av Jostedalsbreen. 

onsdag 18. august 2010

Vi veit ikkje kva den heiter




Vi veit ikkje kva denne heiter og vi fann den i Nederland. Vi var på besøk med tanta til mormor. Vi fann den på ei lykt ute når det var fint veir. Den har pels på seg som dokke ser og vi trur den skal bli som ein sommarfugl men vi er ikkje heilt sikker. 

Vi fann masse småkryp i Nederland og dokke ser berre fem av dei her på småkrypbloggen. 


tirsdag 17. august 2010

Fuglereir




Dette er eit fuglereir. Vi fann det i Nederland i ein stor park. Vi holdt på å levere inn ein sykkel og så såg vi det. Det er ikkje så lett å sjå at det er eit reir med fugleungar i men det er det. 

mandag 16. august 2010

Vandrande blad



Dette er vandrande blad. Du ser eitt heilt opperst i det venstre hjørnet og det er fleire på bildet men dei ser vi ikkje så godt. Og dette er eit insekthus i Nederland i dyreparken som heiter Artis. Det var mange andre insekt der også men dei tok vi ikkje bilde av. 

søndag 15. august 2010

Sommarfuglhage




Dette er ein sommarfugl som held på å ete mat. Vi fann den i ein sommarfuglhage i Nederland i ein dyrepark som hette Artis. Men den sommarfuglen som er under er ikkje ekte men alle puppene er ekte. Larvane holdast inne i eit rom og så blir dei tatt inn på ein puppestasjon. Når puppene har sprekt og sommarfuglen kjem ut så blir dei slept ut til sommarfuglhagen.



lørdag 14. august 2010

Grashoppe i Nederland




Dette er ei grashoppe. Vi fann den i Nederland når vi var og besøkte tanta til mormor. Eg var ute med der det var mykje gras og så høyrte vi mykje grashoppelydar og så klarte vi å fange éin. Dette her er pappa som held den og no er den veldig rolig. 

Etterpå så hoppa den vidare og gikk sikkert tilbake til vennane sine.