Denne billa fann eg i barnehagen. Den var akkurat same farge som buksa mi. Eg passa på den heilt til mamma kom og henta meg og då tok eg den med heim og la den i buskene heime. Vi såg i boka for å finne ut kva den heiter men den var ikkje der i det heile tatt.
Biller kan vere svært vanskelege å artsbestemme. Berre å kome fram til riktig familie eller slekt kan vere ei utfordring. Ikkje så rart kanskje, når ein veit at det til saman finst over 350.000 billeartar i verda (pluss alle dei hundretusenvis som sannsynlegvis enno ikkje er oppdaga). Ca 3.500 av dei er funne i Norge. Pappa
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar