tirsdag 26. mai 2009

Sneglekjærestar med skrukketroll



Dette er to sneglar. Vi trur at dei er kjærestar. Men ser du at det ligg eit skrukketroll ved siden av? Det såg ikkje vi med ein gang!

Vi måtte ha hjelp av ein snegleekspert på nettsida "Spør en biolog" til å finne ut kva slags snegleart dette kjærasteparet tilhøyrer. Det er snakk om ein art i slekta Oxychilus (glanssneglar), sannsynlegvis arten Oxychilus draparnaudi - stor glanssnegl. Og tru det eller ei: Desse små krabatane er faktisk rovsneglar med brunsnegle-egg som favorittrett! Ein slik liten tass som du ser på bileta her kan ete opp mot 100 brunsneglegg i veka.

Det vesle skrukketrollet heiter rett og slett vanleg småskrukketroll - Trichoniscus pusillus. Pappa.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar