torsdag 28. mai 2009

Gå på vatnet



Dette er ein vannløper. Og den går på vatnet fordi den er så liten og kan flyte og den er lettere viss den strekker seg ut og du ser jo at den strekker seg ut på dette bildet. Vi fann han oppe i Bjørlovatnet når vi skulle gå til Bjørlovatnet.

Vannløparane (familie Gerridae) kan likne litt på mygg eller stankelbein, men er eigentleg mykje nærare i slekt med m a bladlus og sikadar i insektfamilien nebbmunnar (Hemiptera). Vannløparane er rovdyr som spring rundt på vassoverflata og fangar mygg, fluger og andre småkryp med dei korte forbeina. Det finst 8-9 artar vannløparar i Noreg, dette er antakeleg den vanlegaste av dei, Gerris lacustris. Pappa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar