From Iver og småkrypa |
Hei Iver og pappaen,
Me har to spørsmål.
Me lurer på kvifor tusenbeinen har så mange bein.
Og i dag tidleg var det ein kveps inne i stova vår. Pappa klarte å få den ut, og det var lett, fordi den var så doven og lat. Trur du kvepsen har overvintra inne hjå oss, eller kom den inn gjennom eit vindauga i går?
Helsing Liva og Amund
Hei Liva og Amund
Tusenbeinane har så mange bein for at dei skal gå raskare. Trur eg.
Eg trur kvepsen har vore inne om vinteren fordi eg har hørt nåken har sagt at viss dei er inne i eit kvepsebol og inne i eit hus då blir dei veldig varme og då blir dei dovne og rare. Det er det nåken som har sagt til meg. Men det kan hende at den har flydd inn om natta også. Eg fann ein kveps inne på 17. mai og eg tok bilde av den og ikkje tok den ut. Den er på bloggen.
Helsing Iver
Har du eit spørsmål om småkryp? Legg att kommentarar med spørsmål, eller send spørsmål på e-post til iverfb(krøll)gmail.com, så svarar Iver når han får tid. Send gjerne med bilete av småkrypet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar