søndag 10. mai 2009

Skolopender



Skolopenderar er egentlig veldig raske og så er det nåken som trur at det er tusenbeinar men tusenbeinar er småare og har ikkje bein ut. Skolopendarar har bein ut. Skolopendrar finne eg ofte under steinar. Dei kilar når eg holder dei.

Som Iver heilt riktig påpeiker er skolopendrar og tusenbein to ulike ting. Tusenbein har to beinpar pr ledd, mens skolopendrar har eitt beinpar pr ledd. Tusenbein er saktmodige planteetarar, mens skolopendrar er lynraske og glupske rovdyr som et andre småkryp. Og mens tusenbein er eit mareritt å artsbestemme, er skolopendrar rein plankekøyring i Noreg: Finn du ein skolopender som er over 2 cm lang, er det garantert arten Lithobius forficatus (vanleg steinkrypar eller brun steinkrypar). Pappa.

1 kommentar:

  1. Eg hadde ein slik på kontoret mitt i Aasen-tunet i dag, men eg tok han forsiktig opp og sleppte han ut vindauget. Han kjem sikkert innatt ein annan dag. Eg trur nemleg det er eit lite hol i muren...

    SvarSlett