søndag 19. april 2009

Rumpetroll



Rumpetrollegg er veldig klissete, men dei er veldig morsomme å holde fordiom og fine å sjå på.

Når barnehagen var på tur så såg vi ein stooor dam og der var det masse rumpetrollegg. Og så skulle vi gå ein annan veg og då såg vi frosk. Sylvi holdt ein frosk og tok bilde og Angelica holdt ein frosk og tok bilde men når dei andre skulle holde den då hoppa den ut av hendene til Angelica og gøymte seg under rumpetrollegga sånn at ikkje dei andre fekk holde den.

Ein annan gong skulle eg og pappa og Ingebjørg gå til besteonkel. Då såg vi små dammar med rumpetrollegg. Det var ein dam som hadde tørka heilt ut så dei rumpetrollegga flytta vi til der det var litt meir vatn. Og så tok vi bilde av dei og det ser du her på denne bloggen om rumpetrolla og froskane og egga.

Nokon gongar har rumpetrollegg ein prikk inni og er blanke. Nokon gongar har dei ein prikk inni og er grøne og nokon gongar er dei store. Då har det begynt å bli rumpetroll inni.

4 kommentarer:

  1. Utrolig god ide, og fin ting å gjøre sammen da! Denne ideen deres tror jeg jeg skal knabbe med meg til oss og ungene våre. Såp er det bare å ønske Iver og Pappa mange fine turer ut i naturen!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med blogg! Du må spørre i barnehagen om de ikkje kan reise i Vedvika å sjå på froskar. Der har vi vore ein gong før, da var det mykje froska og egg der. Spør Hildur om ho kan fortelle fra turen vi hadde dit.

    SvarSlett
  3. Flott idé! Vi har flytta steiner i fjøra idag, og der var det masse småkryp under, men jeg aner ikke hva de heter...!
    Froskeegg er morsomme og klissete, og rumpetrolla kommer vel også snart?

    SvarSlett
  4. Kjempefine froske-egg. Måtte bare fortelle om Eskil og eg som skulle klekke rumpetroll inne i et syltetøyglas. Etter ei vekes tid, stod det 10 mygg på overflata og venta på å sleppe ut. Veldig bra at dokke har lagt ut så fint bilde. Då kan eg ta riktige egg neste gong :o)
    Mange klemma til heile familien frå tante Gunn.

    SvarSlett