fredag 1. mai 2009
Edderkoppen
En gang fann vi en ulveedderkopp i hagen vår. Den lagar ikkje spindelvev, den bare løper omkring som ein ulv. Det er derfor den heiter ulveedderkopp. Og så hadde den ein eggsekk. Inni eggsekken er dei små babyulveedderkoppane.
Ulveedderkopp (familie Lycosidae) spinn som Iver heilt riktig skriv ikkje nett, dei jaktar nede på bakken i staden. Dei er dei einaste edderkoppane som ber egga med seg i ein eggsekk festa til bakkroppen. Når ungane blir klekt, klatrar dei opp på ryggen til mammaen og klamrar seg fast der. Det finst omtrent 50 artar ulveedderkoppar i Noreg - dette er truleg ein av artane i slekta Pardosa. Du kan uansett trygt plukke ein ulveedderkopp opp og sjå på han, ingen ulveedderkoppar er farlige (og for så vidt ingen andre edderkoppar i Noreg heller). Pappa.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar