
Hei Iver.
Jeg har ett spørsmål til deg og pappa, om småkryp.
I dag da jeg kom på jobben fant jeg en edderkopp på kontoret. Den var veldig morsom, fordi den hoppet, og det har jeg aldri sett før. Den var ganske liten og svart/mørk, vet ikke om den hadde noe mønster for den var så liten. Ca. 1 cm lang, med bein.
Vet du om det finnes mange hoppe-edderkopper i norge? og vet du hvilken det kan være?
Hilsen Lars.
Det finst mange hoppeedderkoppar i Norge men vi veit ikkje hvilken det er for det finst så mange typer. Dei kan lage veldig mange lydar. Dei har nåken auge som er veldig store midt på og to små på sidene.
Helsing Iver
Hoppeedderkoppane (familie Salticidae) er blant dei artigare småkrypa. Dei har ein karakteristisk utsjånad som du ser godt på biletet over: Stort haud-bryst-parti som er tvert avskore framme, og i ”fronten” sit det to store runde auge i i midten omgitt av eitt mindre auge på kvar side (det er fire auge til oppe på toppen av haudet som er litt verre å sjå).
Til edderkoppar å vere har dei ganske korte bein. Dei er som Lars skriv ganske små. Dei spinn ikkje nett, men snik seg inn på byttedyra sine (mygg, fluger og slikt) til dei er eit stykke frå, og så gjer dei plutseleg eit kjempehopp og fangar dei. Det finst ca 30 artar i Noreg (over 5.000 i verda samla sett, dei fleste i tropane). Nokre av dei norske artane har ein karateristisk svart og kvit-stripete kropp som gjer at dei blir kalt sebraedderkoppar (det er ikkje ein slik Lars har hatt på kontoret sitt, det hadde han sett).
Tre fun-facts om hoppeedderkoppar:
1. Dei er dei einaste leddyra vi veit som kan fokusere med auga sine (du skal til og med kunne få blikkontakt med dei – det har eg aldri prøvd). Dei har ekstremt godt syn, og kan også sjå ultrafiolett lys (UV).
2. Dei er i motsetning til andre edderkoppar veldig nysgjerrige: Andre edderkoppar vil prøve å stikke av viss du strekker handa ut mot dei, men hoppeedderkoppen vil kome mot deg for å sjå kva som skjer (evt hoppe bakover viss han blir redd, men framleis med auga vendt mot deg).
3. Dei har ein heilt spesiell paringsleik med både dans og lyd – litt som ein tiurleik. Sjekk dette heilt utrulege videoklippet. Bortsett frå at lyden er forsterka med mikrofonar er visstnok alt du ser her ekte.
Ein dag Lars har lyst kan han kike gjennom foto av dei fleste hoppeedderkoppar som finst i Nord-Europa her.
Pappa
Har du eit spørsmål om småkryp? Legg att kommentarar med spørsmål, eller send spørsmål på e-post til iverfb(krøll)gmail.com, så svarar Iver når han får tid. Send gjerne med bilete av småkrypet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar