fredag 22. mai 2009

Tusenbein med mange millionar bein



Dette her er ein liten tusenbein. Vi finn dei ofte i jorda. Og så er det sånn at dei er veldig fine og dei er BITTE små. Denne her tusenbeinen sitte på mamma si hand.

Dette er eit meir "klassisk" tusenbein enn det Iver blogga om for ei stund sidan her Artsbestemminga vågar eg meg ikkje på, m a fordi dette eksemplaret manglar bakparten av kroppen, men la meg uansett nytte høvet til å reklamere for det mest fantastiske og ambisiøse bokverket som nokon gong er gjett ut i Norden: Nationalnyckelen. Det er rett og slett ein komplett guide til alle dyre- og planteartar i Norden, oppdelt i over 100 bind.

Det vil ta mange tiår før Nationalnyckeln er komplett, men av dei binda som alt er komne ut er eitt om tusenbein og skolopendrar. Med på kjøpet følgjer også ein hendig feltguide. Stor takk til svenskane og ikkje minst til Nationalnyckelns høge beskyttar, Kronprinsesse Victoria Pappa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar