søndag 24. mai 2009

Stor bille



Dette her er ei kjempebille og den bor inni ein stubbe. Eg og Aleksander fann den. Aleksander er min venn. Vi løfta på bark og der var den inne i barken. Vi tok den oppi ei bøtte for det pleier vi å gjere i barnehagen også. Det er ein trebukk.

I går var Aleksander på besøk med Iver. Dei er like interesserte i småkryp begge to. I ein gammal granstubbe hos naboen fann dei denne flotte trebukken. Dette er ei damebille av arten Oxymirus cursor i trebukkfamilien (Cerambycidae).

Trebukkane kjenner du igjen på dei lange, kraftige antennene. Dei fleste artane (92 i Noreg, 30.000 i verda totalt) har larvar som bur i levande eller død ved. Larvane til billa Iver og Aleksander fann held ganske sikkert til i same stubben som dei fann sjølve billa i, og der skal dei bu i minst tre år til før dei blir vaksne biller. Pappa.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar