Skrukketrolla dei likar all slags vær og så er det sånn at det er nåken som trur at det er kaffedyr men man kan seie begge deler. Eg finn dei ofte under ting i barnehagen også. Dei er i slekt med sjøen for det har eg telt på beina og så har morfar sagt det.
Skrukketrolla (Orden Isopoda, underorden Oniscoidea) er krepsdyr som har gått på land! Dei er nærare i slekt med reker og krabbar enn med insekt og edderkoppar ("i slekt med sjøen", som Iver seier det). Skrukketrolla pustar med gjeller. Det gjer at du alltid finn dei på fuktige, mørke plassar. Dei toler ikkje å vere på ein tørr stad lenge. Arten Iver har funne her heiter Oniscus asellus - murskrukketroll på norsk. Den er ein av dei vanlegaste av dei 20 norske artane skrukketroll. Pappa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar