søndag 5. juli 2009

Kålorm



Dette er kjæledyra mine og dei er kålormar og vi tar masse kål oppi boksen deira. Dei er veldig morsomme og så må vi rense buret deira kvar dag. Då tar vi ut all maten fordi det er kome bæsj på den og så tar vi meir kålblad oppi. Då får dei lov å vere ute og få litt frisk luft også.

Vi ventar på at dei skal bli til pupper. Vi veit ikkje om dei skal bli store pupper eller små pupper. Men etterpå skal dei bli sommarfuglar.



Slike larvar har vel mange sett i kålåkeren. Arten heiter Stor kålsommarfugl (Pieris brassicae). Visstnok (eg syns personleg dette høyres rart ut, men får vel stole på ekspertisen), overvintrar den aldri i Noreg anna enn aller lengst sør, men kjem flygande som "trekksommarfugl" kvar vår nordover til Vestlandet og Trøndelag og legg egg der den finn ein kålåker. Ikkje så kjekt å finne dei der, men veldig artig å ha som kjæledyr under kontrollerte forhold. Når vi om nokre få dagar skal på ferie, har Iver spurt bestemor om å passe dei. Ho var ikkje veldig begeistra, men ho gjer det sikkert likevel. Pappa

1 kommentar:

  1. De var fine=)
    Jentene mine hadde en gang to carebus larver i et glass... Altsa, jeg synes de er bare ekle, men de elsket dem visst

    SvarSlett