mandag 6. juli 2009

Saksedyr



Dette er eit saksedyr som kryper på handa mi. Og det er veldig raskt og så har det ei saks bakpå rompa. Vi tok eit bilde men det blei ikkje så godt så vi tok ein film i staden.



Saksedyra er ei heilt spesiell gruppe av insekt som utgjer ein eigen orden av insekt (orden Dermaptera). Dei kan sjå litt skumle ut med den store kloa på bakkroppen, men er heilt ufarlege og veldig nyttige fordi dei fangar bladlus og andre skadelege småkryp i hagen. Dei er også betre foreldre enn dei fleste andre insekt: Mammasaksedyret passar ungane mens dei veks opp, matar dei og gjer reint for dei. Og når du finn dei inne i huset er dei ikkje der for å gjere skade - dei har berre funne seg ein mørk og trygg plass å tilbringe dagen i ro og fred før dei om natta skal ut i hagen att på småkrypjakt. Pappa.

1 kommentar: